yr.no er truleg blant nettstadene i Noreg med høgast andel mobilbrukarar, trass i at mobilversjonen m.yr.no er både gamal og utdatert. No vil vi gjerne ha hjelp til korleis mobilsidene kan bli betre!
I løpet av hausten lanserer vi nye mobilsider, som gradvis vil bli utvida utover hausten og vinteren. Du kan få sjå skissene våre no, og vi set stor pris på tilbakemeldingar og innspel.
PS! Designaren vår er kanadisk, difor er skissene delvis på engelsk :-)
yr.no på fleire plattformar
I dag finn du yr.no på fleire ulike plattformar, med litt ulikt tilbod:
- Nettversjonen www.yr.no er det rikaste tilbodet. Her finn du alle varsla + ei rekkje tilleggstenester (snøskredvarsling, UV-stråling, statistikk, observasjonar m.m.
- Mobilversjonen m.yr.no er ei svært nedskalert versjon av www.yr.no. Mobilsidene vart utvikla for fleire år sidan, og ser til dels utdaterte ut. Dei har varsel og radarbilete, elles få andre tenester.
- Appane for iOS, Android og Symbian er òg svært nedskalerte versjonar av nettsidene. Dei har varsel, men manglar radarbilete, observasjonar og alle tilleggstenestene.
Vi trudde lenge at appane kom til å bli dei viktigaste mobiltenestene våre. App-bruken var svært mykje høgare enn bruken av m.yr.no i fleire år. Trenden har snudd, og vi ser no at m.yr.no er nesten dobbelt så mykje brukt som appane. Då må vi gjere desse sidene betre å bruke! Vi har fått svært mange ynske om nytt innhald på mobilsidene, no kjem dette på plass!
I løpet av 2014 kjem den nye mobilversjonen til å bli bygd ut og vil deretter erstatte www.yr.no slik du kjenner sidene i dag.
Alt innhaldet som ligg på dagens www.yr.no vil bli overført til dei nye sidene. Dei nye sidene vil sjølvsagt bli responsive, og då blir det slutt på at mobilversjonen har eit anna innhald enn nettversjonen. I løpet av denne perioden kjem vi òg til å oppgradere appane, men vi startar altså med mobilsidene.
Vi rydjar i tid og rom
Det kanskje smartaste grepet vi gjorde då vi lanserte yr.no i 2007, var å strukturere innhaldet etter geografi i staden for varslingstype. Tdilegare var dei fleste vêrnettstadene delt i «korttidsvarsel», «langtidsvarsel», «kystvarsel», «fjellvarsel» o.s.v. Du måtte altså innom svært mange ulike sider før du fekk oversyn over vêrutviklinga på éin stad. Vi organiserte yr.no slik at du fyrst fortalde oss kvar du ville ha eit varsel for, og så gav vi deg alt vi kunne seie om vêrutviklinga på denne staden. Dette er sjølvsagt i dag, men det var ei stor endring den gongen!
No skal vi prøve å gjere det same med tidsaksen. I dag delar vi yr.no inn i klima, statistikk (historiske data), eit slags oversynsvarsel, time for time-varsel, langtidsvarsel og normalar (korleis vêret vanlegvis er). Planen vår er å harmonisere dette slik at du enkelt kan bla deg framover og bakover langs éi tidsakse. Om du går bakover i tid får du observasjonar frå målestasjonane, om du går langt framover i tid får du klimatologi og normalar. D.v.s. at det skal vere like lett å finne ut av korleis temperaturen sannsynlegvis vil bli i juli 2014 som det er å finne korleis temperaturen var i går formiddag.
Dette er ikkje heilt ukomplisert: Mange stader manglar vi målingar og historiske data. Av og til går målestasjonane i stykker, slik at det plutseleg manglar data for nokre dagar. Vi har ikkje normalar for heile verda o.s.v.
Veksling mellom oversyn og detaljar
Alle brukarane av yr.no er vande med delinga mellom f.eks. timesvarsel og langtidsvarsel slik sidene fungerer i dag. Vi trur likevel at det finst smartare måtar å skilje mellom overblikket du får i langtidsvarselet og djupdykket du får i timesvarselet, og håpar å kunne integrere oversyn og detaljar langs same akse.
Vi trur òg at det vil vere lettare å forstå tidsaksen dersom du kan bevege deg opp og ned i detaljgrad på same måte – uansett om det er varsel for dei neste dagane eller historiske data bakover i tid.
D.v.s. at du vil kunne navigere på same måte frå varsel for dei neste dagane til detaljane for kvar dag, som du navigerer frå oversynet over vêret i juli 2012 til detaljerte tal time for time 11. juli.
Raskare overblikk, ny ikonografi
Dei vanlege vêrsymbola på yr.no fungerer godt i dag, men dei aller fleste brukarane har store problem med å forstå vindpilar og nedbørsmengdar. Vi håpar at sirklane du ser i skissa nedanfor kan fungere betre enn vindpilane vi har i dag (sist vi testa vindpilane var det berre 20 prosent som forstod hakane på vindpilane vi har i dag).
Sterk og farleg vind varierer mykje mellom landsdelane. Stiv kuling går heilt greitt på Vestlandet, men kan føre til store skadar på Austlandet. I dagens vindpilar er det knapt mogleg å sjå den sterke vinden – skalaen er tilpassa ekstremane. Vi har difor lyst til at vindpilane og nedbørssymbola skal justere seg etter kva som er normalt for staden: Altså at stiv kuling blir veldig tydeleg markert på Austlandet, men får mindre krisepreg langs kysten i Nord-Noreg. Akkurat denne funksjonaliteten kjem det nok til å ta litt tid å få på plass – vi må rekne ut normalvindstyrkar for heile jordkloten fyrst!
Ting vi er usikre på
- Funkar det nye designet? Kva kunne vi gjort betre?
- Ert det fornuftig å endre såpass mykje på ikonografien i eitt jafs?
- Finst det betre måtar å vise fram nedbør og vindstyrke på?
Dersom du har andre gode idéar til korleis vi kan gjere mobilversjonen av yr.no betre set vi stor pris på dét òg!
Artikkelen er også publisert på¨teknologinettstaden NRKbeta, og tek gjerne i kommentarar der!