Quantcast
Channel: Innspel til: Slik utnytter du langtidsvarslene best
Viewing all articles
Browse latest Browse all 841

Nye karibiske land på yr.no

$
0
0

Curaçao, Sint Maarten og Bonaire, Saint Eustatius og Saba i Karibia er nye land på yr.no.Desse tre områda var tidlegare ein del av dei nederlandske antillane, men etter at Nederland omorganiserte området i oktober 2010, har ISO gjeve eigne landskodar til kvar av øygruppene.

Curaçao og Sint Maarten har no status som eigne land innanfor Kongeriket Nederlanda, medan Bonaire, Saint Eustatius og Saba har status som spesialkommunar i sjølve Nederland.

St. Martin-øya er forøvrig delt i ein fransk nordleg del (Collectivité de Saint-Martin) og den nedarlandske sørdelen.

Biletet er frå Willemstad på Curaçao og er teke av ray.gauss.


Viewing all articles
Browse latest Browse all 841