Hei!
Det er ingen målestasjon i Moss, men når eg sjekkar varselet for Rygge (Moss lufthavn) ser eg at:
86 prosent av temperaturvarsla siste tre dagar har vore gode eller svært gode.
Dei tre siste dagane har:
* 64 prosent av temperaturvarsla vore svært gode (mindre enn 2 gradar feil)
* 22 prosent av temperaturvarsla vore gode (2–3 gradar feil)
* 14 prosent av temperaturvarsla vore lite gode (meir enn 3 gradar feil)
* varsla har i gjennomsnitt vore 2° grader feil
Dette er litt lågare score enn for mange andre stader dei siste dagane, så du har nok rett i at det har vore nokre feilvarsel. «Treffprosenten» varierer ein del frå dag til dag.