Vi la ut ein ny versjon av yr.no tysdag 25. september. Den viktigaste nyheita er nye kartsider, men det er òg ein del anna nytt.
Du kan teste ut dei nye kartsidene på yr.no/kart. Ver merksam på at dette er ein testversjon, og at alt ikkje er heilt på plass enno.
Les meir om dei nye karta, og gje tilbakemelding om ting som bør bli betre!
Vi arbeider bl.a. med å få på plass ein play-knapp slik at du kan spele av animerte kart. Då er det lett å sjå korleis nedbøren flyttar på seg, temperaturvarisjon gjennom døgnet m.m.
iPhone- og Android-applikasjonane varslar endeleg vêret for «no»
Tidlegare viste iPhone- og Android-applikasjonane varsel for nærmaste heile sekstimarsperiode. D.v.s. at om du gjekk inn på ein av appane kl 13 ville denne vise deg korleis varselet var for kl 18.
Svært mange har misforstått desse varsla og trudd at varselet er for «no».
Frå og med i dag viser appane varsel for nærmaste heile time som standard.
Andre nye funksjonar på yr.no
- Raskare sider: Det er gjort svært mange ulike tiltak for å få sidene til å gå raskare.
- Nedbørobservasjonar: Vi har lagt til ein tabell som viser målingar frå dei nærmaste nedbørstasjonane. Tabellen ligg under dei vanlege observasjonane (under kartet på «Oversikt»).
- Det er gjort ein del småkorrigeringar på PDF-varsla slik at desse skal sjå penare ut. Vi har bl.a. fjerna ein del overlappande tekst og liknande grums.